Kontakt:
e-post: idholen@online.no
mobil: 91590890
tlf: 57876414
Robjørgane Gardshus ligg 10 km vest for Stryn sentrum og garden ligg 400 meter over Nordfjorden. Frå Robjørgane har vi god tilgang til natur, kultur og opplevingar. Stryn og Nordfjord er mellom dei mest attraktive reisemål i Norge.. Gardshusa, tømmerhus frå 17 – 1800 - talet, ligg med panoramautsikt innover Nordfjorden mot fjell og brear.
Drifta i dag er økologisk sauehald. Vi driv framleis med hesjing for å tørke høyet.
Gardshusa ligg i roleg, barnevennleg område.
Området har eit artsrikt kulturlandskap,der ein m.a.kan finne sjeldne orkideplantar.
Frå garden er det gode turmoglegheiter. Fleire fjellvatn med fritt ørretfiske ligg i ein times gangavstand.
Det har vore teke imot feriegjester på garden sidan 1967 og vi er andre generasjon som driv utleige.